2.-divisjon avdeling 1:

Slik var første serierunde

Sport

Hødd sikra seg eit sterkt bortepoeng mot opprykksfavorittane Fredrikstad søndag. Den første serierunden i 2.-divisjon avdeling 1 var prega av ei rekkje uavgjortkampar, samt eit par overraskingar.

Fredrikstad, Egersunds IK og Arendal er alle blant førehandsfavorittane før årets 2.-divisjonssesong, men ingen av laga fekk med seg tre poeng frå serieopninga. EIK måtte ta til takke med 1-1 heime mot Bryne, i ein kamp der Markus Naglestad scora for heimelaget, medan FFK var heldige som fekk med seg poeng mot Hødd. Verst gjekk det likevel utover Arendal som tapte heile 0-4 for Stjørdals-Blink.


Hødd sikra poeng mot opprykksfavoritt Fredrikstad i Sander Håskjold Nyland sin seriedebut som trenar:

- Vi burde tatt alle tre poenga

 

Byåsen sørga for at det er to lag frå Trøndelag som toppar avdelinga etter opningshelga, etter at dei slo Brattvåg 4-2. Brattvåg var i føringa med to mål allereie etter 24 minutt, men Byåsen slo hardt tilbake.

Det tredje laget som vann i opningshelga var Moss. Dei slo Levanger 2-0 på bortebane.

Resultat:

Byåsen - Brattvåg 4-2

Levanger - Moss 0-2

Sola - Kvik Halden 2-2

Egersunds - Bryne 1-1

Nardo - Vidar 1-1

Arendal - Stjørdals-Blink 0-4

Fredrikstad - Hødd 1-1

Neste runde:

Vidar - Egersunds

Brattvåg - Arendal

Stjørdals-Blink - Levanger

Hødd - Byåsen

Moss - Nardo

Kvik Halden - Fredrikstad

Bryne - Sola