40 lag til Tinestafetten

Tysdag 7. mai er det klart for Tinestafetten over heile landet. Også i Ulsteinhallen er det klart for eit yrande liv.

Snart Tinestafett: Tysdag er det duka for årets utgåve av Tinestafetten i Ulsteinhallen. 40 lag er meldt på.  Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Sport

Totalt er det 40 lag som er meldt på til den årvisse Tinestafetten. I vårt distrikt blir den arrangert av idrettslinja ved Ulstein vidaregåande skule og stafetten går føre seg i Ulsteinhallen.

Det er elevar frå 6.-klasse på barneskulen tilogmed 9. klasse på ungdomsskulen som stiller under Tinestafetten.

På landsbasis er det nærare 110.000 skulelevar meldt på til årets stafett. Det gjer den til verdas største stafett og Tinestafetten har blitt arrangert i over 25 år.