Sykkelritt med ny løype

Ulstein Nordea Rittet er tilbake, men løypa er ny.

Ny løype: Søndag 12. mai arrangerer Ulstein og Omegn Sykkelklubb Ulstein Nordea Rittet på Gurskøya. Start for turrittet blir ved Leikong Grendahus, medan målgang er ved Leikong kyrkje. 

Ikkje skulebakken denne gongen: Rytterane i Ulstein Nordea Rittet slepp å bryne seg på Skulebakken i Ulsteinvik denne gongen, men dei må to gongar opp Leikongbakken i staden.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll

Sport

I 2018 såg Ulstein og Omegn Sykkelklubb seg nøydde til å avlyse det årlege Ulstein Nordea Rittet. Søndag 12. mai er rittet tilbake, men det er med ei ny løype.

Tidlegare har ein hatt start- og målgang i Ulsteinvik, med Skulebakken som ei spektakulær avslutning. I år vil heile løpet bli arrangert på Gurskøya.

Landevegsrittet blir arrangert med eit turritt, samt eit trimritt.

Turrittet startar ved Leikong Grendahus og skal to rundar rundt Gurskøya (med klokka) før målgang ved Leikong kyrkje etter 94 kilometer. Turrittet er dermed 24 kilometer lenger enn den tidlegare løypa.

Trimrittet startar oppe på Leikongeidet og går ein runde rundt Gurskøya, med målgang ved Leikong kyrkje. Trimryttarane treng difor ikkje bryne seg på Leikongbakken, som turrittet skal opp to gongar. Trimrittet er på 45 kilometer.

Påmelding til Ulstein Nordea Rittet gjerast anten ved oppmøte før rittet startar, eller gjennom Ulstein og Omegn Sykkelklubb sine nettsider.