Bortesiger for Hareid

Har vunne to av tre kampar i 3.-divisjon.

Hareid vann 3-1 over Stordal på bortebane onsdag og står med to sigerar av tre moglege så langt denne sesongen.   Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Sport

Etter å ha tapt 1-2 for FK Sykkylven sist veke slo Hareid-damene tilbake med siger onsdag.

Allereie i kampens første minutt tok Hareid føringa, då Stine Marø Sundgot sette 0-1. Stordal svarte fem minutt seinare og det stod 1-1 då laga gjekk til pause.

Over i den andre omgangen sørga Anne-Liv Holstad og Victoria Røren for at det blei tre poeng til Hareid, med kvar si scoring. Resultatet på Kirkebø stadion vart 1-3 og Hareid har dermed vunne to av tre kampar så langt denne sesongen.

No ventar ei pause fram til 22. mai. Då reiser Hareid til sin tredje bortekamp på rad. Motstander er Volda.