Hasundgot til Ikornnes torsdag

Etter fire poeng på sine to første kampar i 5.-divisjon ventar ei tøff nøtt på bortebane denne veka.

Betre forhold: Det var tidvis svært kvitt under Hasundgot sin kamp mot Langevåg sist veke. Borte mot FK Sykkylven ser det ut til at snøen held seg vekke. FOTO: ERIK K. HEIMDAL 

Sport

Hasundgot har slått Hovdebygda og spelt uavgjort mot Langevåg, og har såleis fått ein bra start på sesongen i 5.-divisjon.

Torsdag reiser laget til Ikornnes for bortekamp mot FK Sykkylven, eitt av berre to lag som har full pott etter dei to første serierundane.

Spesielt imponerande var FK Sykkylven i opningskampen sin, der dei slo Godøy heile 7–1.

Sist veke vann FK Sykkylven 1–0 over Stranda på bortebane, og saman med Aksla toppar dei avdelinga med sine seks poeng.