Torsdagskamp for Hareid

Jaktar sesongens første siger borte mot Emblem.

Nye poengsjansar: Hareid, her ved Martinus Røyset Bakken, har tatt poeng både mot Bergsøy og Valder. Denne veka møter dei Emblem på bortebane. Foto: Erik K. Heimdal. 

Sport

Hareid har imponert i sine to første seriekampar. Først tok laget eit krutsterkt poeng borte mot Bergsøy i serieopninga, der Hareid både hadde tomålsleiing både på 2–0 og 3-1, men der det til slutt endå 3–3.

Sist fredag var det Valder som var sesongens første motstandar heime på Hareidsmyrane, og der vart det også poeng til Hareid.

Der skulle nok raudtrøyene helst ha fått med seg alle tre poenga, etter at Valder spelte over 30 minutt med ti mann etter ei utvising, men poeng i dei to første kampane er uansett brukbart for laget mange har tippa i botnen av avdelinga.

Det betyr også at Hareid har to fleire poeng enn Emblem før laga møtest torsdag. Emblem tapte nemleg 1–2 for Volda i opningskampen på Emblem stadion.

Sidan den gong har laget hatt spelefri. I utgangspunktet skulle dei møte Hødd-rekruttane på Høddvoll sist fredag, men denne kampen snødde vekk.

I innbyrdes oppgjer mellom Hareid og Emblem er det Emblem som har hatt overtaket dei tre siste åra. På seks kampar har det blitt to sigrar til Hareid, medan Emblem har fire.