Rollon - Hødd 2:

Osvold med hattrick i storsigeren over Rollon

Joachim Osvold, som her scorar for Hødd i ein kamp under fjorårssesongen, var i fyr og flamme for Hødd 2 mot Rollon fredag kveld.  Foto: Arkiv/Ole-Ottar Høgstavoll.

Sport

Kampen på kunstgrasbana til Rollon var ikkje meir enn to minutt gammal då Joachim Osvold utnytta rot i forsvaret til heimelaget, runda keeper, og sette ballen i mål til 0-1. Same mann følgde opp med eit nytt mål etter seks minutt, slik at det plutseleg stod 0-2. Osvold var perfekt plassert i bakrom, og scora åleine med keeper.