Reiser til Stjørdal søndag ettermiddag:

Hødd gler seg til å møte topplaget

Hødd sleit med å få tak på Kvik Halden heime på Høddvoll sist helg. Denne veka går turen til Trøndelag og til bortemøte med serieleiarane.

Instruksar Sander Håskjold Nyland rettleier Bam Phudithip under torsdagstreninga til Hødd før bortekampen mot Stjørdals-Blink. Søndag møter Hødd serieleiarane på bortebane.  Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Sport

Hødd må nok levere ein betre prestasjon enn det laget gjorde mot Kvik Halden dersom det skal bli full pott på nye Blinkbanen søndag. Der ventar eit lag som tidvis har imponert stort denne sesongen og som står med 10 poeng etter fire kampar.