Hødd delte poenga med trønderane:

Sterk uavgjort mot Trondheims-Ørn 2

Hødd spelte uavgjort med Trondheims-Ørn 2 søndag, og sikra seg eitt poeng. Her frå oppvarminga før kampen.  Foto: Hødd Fotball.

Sport

Oppgjeret mot Trondheims-Ørn 2 var på førehand sett på som eit svært tøft eitt, til liks med kampen mot Fortuna sist. Men, Hødd spelte godt mot trønderane, og sikra seg eit viktig poeng. Det blei ingen mål i kampen, men både heimelaget og Hødd var svært nære ved å lukkast ved fleire høve.