Hødd-trenaren etter stortapet - før 16. mai-kampen på Høddvoll:

- Vi skal revansjere oss i lokaloppgjeret mot Brattvåg

Sander Håskjold Nyland gjekk nok på sitt hittil tøffaste resultat som Hødd-trenar, då laget hans blei slått heile 4-0 borte i Stjørdal søndag.  Foto: Arkiv/Hødd Fotball.

Sport

Serieleiaren, som til dømes har valsa over Arendal og Levanger 4-0 i runde ein og to av årets serie, skulle få akkurat det same resultatet mot Hødd i den sjette serierunda. Trønderane var best i omtrent alt på Nye Blinkbanen i Stjørdal søndag. Eit hattrick av Mats Lillebo og eit mål signert Ole Kristian Rødahl fastsette resultatet til 4-0 i favør Stjørdals-Blink.