Vanylving og tidlegare UVS-elev blei valt til visepresident i Norges Rugbyforbund:

Ønskjer innspel om etablering av rugbytilbod på Sunnmøre

Karl-Fredrik Velle er nyvalt visepresident i Norges Rugbyforbund.  Foto: Privat.

Sport

Under forbundstinget 11. mai blei Karl-Fredrik Velle frå Vanylven, og tidlegare elev ved Ulstein vidaregåande skule, valt til visepresident i Norges Rugbyforbund. Dei siste åra har han vore styremedlem i forbundet, men gjer altså no eit aldri så lite personleg opprykk - med litt meir ansvar.