3.-divisjon:

Sesongens første siger

Både Sivert Pieroth og Sander Djupvik var involverte då Lokomotiv Oslo sikra sesongens første seriesiger.   Foto: Lokomotiv Oslo.

Sport

Fleire lokale spelarar fekk med seg sesongens første trepoengarar i 3.-divisjon den siste runda.

Herd slo laurdag til med ein solid 5–0 siger over Rommen i 3.-divisjon avdeling 1. Martin Mork Breivik spelte heile kampen, medan Øyvind Hagen scora eitt av måla for heimelaget. Petter Haddal Worren var ikkje involvert denne gongen.

I same avdeling spelte Håvard Mork Breivik heile kampen då AaFK 2 sikra seg ein ny trepoengar. Dei slo Sarpsborg 2 heile 6–1 på Color Line Stadion.

I avdeling 2 sikra Lokomotiv Oslo seg også sesongens første seriesiger då dei slo Mjøndalen 2 2–1 på bortebane. Sivert Pieroth og Sander Djupvik starta begge kampen, medan Kjetil Steinsvik Paulsen kom inn. Den tidlegare Volda-spelaren Vegard Hellebust avgjorde kampen for Lokomotiv Oslo.

Laurdag spelte Christian Mork heile kampen då Frigg vann 2–0 over Halsen. Begge måla for Frigg kom i den første omgangen og sikra laget sin andre siger denne sesongen.

I 3.-divisjon avdeling 4 spelte Audun Øvrelid frå start, medan Nils-Erik Engen kom inn då Fyllingsdalen spelte 3–3 borte mot Os. Fyllingsdalen var med heilt i toppen av si avdeling i 2018, men har trøbla noko meir denne sesongen og berre vunne ein av fem kampar så langt.