Første graskamp på Hareid

Onsdag inviterer Hareid til sesongens første graskamp på Hareid stadion. Gjestar er Rollon.   Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Sport

”Fotballens festdag” er i utgangspunktet 16. mai, men på Hareid inviterer ein til fotballfest allereie dagen før. Onsdag kveld kjem Rollon på besøk til kamp i 4.-divisjon og Hareid tek imot gjestane frå Larsgården på grasbana på Hareid stadion.


 

Hareid gjekk på sitt første tap for sesongen borte for Emblem sist runde. Då måtte det eit perlemål til for å skilje laga og Hareid har vist seg vanskelege å slå i serieopninga. 3–3 i serieopninga borte mot Bergsøy var svært sterkt og det var også heimepoenget mot Valder, som elles har slått både Hødd 2 og LGFK.




 

Sigeren har likevel ikkje kome for raudtrøyene, men laget har ein ny sjanse onsdag. Rollon har slått Ørsta 3–1 heime, spelt uavgjort på bortebane mot Volda, men tapte 2–6 for Hødd 2 sist veke, i ein kamp der den tidlegare Hareid-spelaren Bendik August Engen scora to mål for Hødd-rekruttane.

Dei to siste sesongane har Hareid og Rollon vunne ein kamp kvar per sesong. I fjor vann Hareid 3–0 heime, men tapte 2–6 på bortebane. I 2017 vart det bortesiger i begge kampane mellom laga.

I utgangspunktet skal Rollon ha eit visst favorittstempel før kampen, men Hareid har allereie vist at dei kan slå godt frå seg som ”underdog” og kampen blir også begge lag sin første kamp på gras. Så får ein sjå kven som tener mest på det.

Hareid - Rollon på fotball.no

Kampstart på Hareid stadion er 18:30. Referat frå kampen kan du lese på Vikebladet.no