Møter SIF/Hessa på Høddvoll

Rekruttlaget til Hødd tek onsdag imot SIF/Hessa heime på Høddvoll.   Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Sport

Etter å ha tapt i serieopninga, medan første heimekampen måtte flyttast, vart det endeleg siger for Hødd 2 borte mot Rollon sist veke. Onsdag blir det endeleg sjanse til å sjå laget heime på Høddvoll, då rekruttane tek imot SIF/Hessa heime onsdag kveld.


 

Dagen før A-laget skal ut mot Brattvåg på Høddvoll er det rekruttane sin tur til å vise seg fram. At A-laget spelar allereie torsdag gjer også sitt med troppen Jesper Törnqvist har tilgjengeleg onsdag og trenaren stadfestar at det blir eit reint rekruttlag som jaktar poeng på Høddvoll. Sist veke scora Joachim Osvold hattrick for Hødd 2, men også Bendik August Engen (x2) og John Oskar Hatlebrekke Rekdal teikna seg på scoringslista.

Onsdagens motstandarar på Høddvoll starta sesongen med å slå Blindheim 3-0, men etterpå har det blitt tyngre. Først tapte dei 1-6 for Vegard Heltne sitt Ørsta-lag, før Volda vann 4-0 på Skarbøvik stadion sist runde.

Hødd 2 - SIF/Hessa på fotball.no