– Vi gir dei moglegheitene og dei straffar oss veldig effektivt

Blåsarane markerte 100-årsjubilanten Hødd før avspark på Høddvoll, men fekk ikkje altfor mykje å juble for under kampen mot Brattvåg.   Foto: Per Werkland.

Sport

– Vi har ballen mest, skaper mykje sjansar sjølve gjennom eige spel, men gir vekk ballen altfor mange gongar som Brattvåg køyrer overgangar på og som dei scorar to mål på, samt seks-sju målsjansar. Vi gir dei moglegheitene og dei straffar oss veldig effektivt. Det er sjølvsagt veldig skuffande. Vi ønskjer å ha korte avstandar når vi går i angrep og godt klima for å vinne att ballen hurtig, men det glepper nokre gongar og då er Brattvåg effektive, seier Hødd-trenar Sander Håskjold Nyland etter 1–2 tapet for Brattvåg.