På jakt etter heimesiger

Møter Vigra: Torsdag tek Hasundgot imot Vigra på Hasundgot stadion. Heimelaget jaktar sesongens andre siger og den første på heimebane. FOTO: ERIK K. HEIMDAL  Foto: ERIK K. HEIMDAL

Sport

Hasundgot vann borte i serieopninga, spelte uavgjort i første heimekampen, men fekk stryk borte mot FK Sykkylven sist helg. Torsdag ventar Vigra på Hasundgot stadion, og dermed har heimelaget sjansen til å sikre sin første siger framom eige publikum.

Men skal Hasundgot gjere det må dei gjere noko dei ikkje har gjort i seriesamanheng på lang tid. Vigra har nemleg vore eit lag Hasundgot har slite stort mot.

Siste offisielle kamp mellom laga var i oktober, då Vigra vann 3–1 på Hasundgot stadion då laga møttest i KM-sluttspel som avdelingsvinnarar i 6.-divisjon.

Før den tid må vi tilbake til 2014 og til ei tung periode for kveldens heimelag. I 2014 vann nemleg Vigra til saman 17–1 over Hasundgot i løpet av to kampar og på dei seks siste oppgjera mellom laga i seriespel står Hasundgot med null poeng og 35 baklengsmål.

Trøysta er at det har blitt nokre år sidan den gong og i oppkøyringa til årets sesong blei det 3–2 siger til Hasundgot då laga møttest til generalprøve på ”Gottane”. Dermed bør det også vere mogleg med minst eitt poeng for Hasundgot når laga møtest i serien.

Vigra har starta sesongen nesten identisk med Hasundgot. Dei har ein heimesiger, har spelt uavgjort mot Stranda, men tapte 2–3 for lokalrivalane frå Godøya.

Hasundgot - Vigra på fotball.no