Snudde og vann på imponerande vis mot Vigra

Kampen starta på verst tenkeleg vis for Hasundgot. To kjappe mål imot og ei utvising i løpet av 13 minutt er ikkje akkurat ein draumestart, men laget viste både karakter og styrke, og snudde kampen på svært imponerande vis.

Daniel Muren skal til å finte vekk ein Vigra-spelar.  Foto: Erik K. Heimdal

Sport

Som sagt var det Vigra som kom best i gong denne maikvelden på Hasundgot kunstgras. Allereie etter tre minutt skulle «gultrøyene» få sitt første mål. Eit innlegg vart slått frå venstre og eit volleyforsøk trefte tverrliggaren. Faren var ikkje avverja, og på returen dukka ein Vigra-spelar opp og sette ballen enkelt i mål. 1–0 til bortelaget!