Dramatiske sluttminutt på Hasundgot stadion

Sport

Som i heimekampen mot Vigra, fekk Hasundgot ein frykteleg start på kampen mot Herd 2 og låg under 2-0 etter 30 minutt. Men «kvittrøyene» klarte å omstille seg og heilt på slutten sikra Nicolai Molvær at det vart poengdeling mellom laga.