Heimekamp mot Ørsta

Møter Ørsta: Hareid tek fredag imot Ørsta til kamp i 4.-divisjon. Heimelaget står framleis utan siger, men møter eit lag som har variert stort i prestasjonane og som tapte 4–7 for Hødd 2 tidlegare i veka. 

Sport

Det vil seg ikkje heilt for Hareid så langt denne sesongen. Laget har levert fleire sterke prestasjonar, men har svikta når det gjeld å bikke sigeren i sin favør.

Sist veke såg det ut til at det endeleg skulle bli tre poeng, då Hareid hadde føringa i det ein nærma seg full tid borte mot SIF/Hessa.

Slik skulle det ikkje gå, ettersom heimelaget fekk eit andre straffespark i kampen og scora både på det og i tillegg avgjorde kampen på overtid. Eit surt tap for Hareid, som måtte gjere fleire rokeringar på laget.

Hareid skal snart ut i tøffe kampar mot Volda og Hødd 2, men før den tid er det Ørsta som er laget sin første motstandar. Fredag møtest dei til duell på Hareid og her bør det på ingen måte vere umogleg for heimelaget å få med seg eit godt resultat.

Ørsta har rett nok eitt poeng meir enn Hareid så langt, men Vegard Heltne sitt mannskap har variert stort. Frå å slå SIF/Hessa 6–1 heime til å tape 0–5 for lokalrivalane Volda. Måndag sleppte dei også inn sju mål mot Hødd 2 og det bør vere moglegheiter for Hareid så sant dei klarar å spele seg til dei rette moglegheitene.

I fjor vann laga ein kamp kvar. På Hareid enda det med 4-2 siger for Hareid etter tre mål frå August Brandal og eitt frå Fredrik Andresen.

Hareid - Ørsta på fotball.no