Mange personlege rekordar

Dimna-utøvarar på pallen under Framolekene

Det vart både pallsplasseringar og fleire personlege rekordar for troppen frå Dimna IL som tok del på Framolekene ved Bergen i helga. 

Sport

Deltakarane frå Dimna IL fekk med seg fleire personlege rekordar og pallplasseringar heim etter deltakinga på Framolekene i helga. Framilekene. som finn stad på Fana stadion ved Bergen, vart i år arrangert for 26. gong og er det største friidrettsstemnet for born og ungdom på Vestlandet.

Gabriel Overvåg og Jonas André Ose tok begge to førsteplass på 200 meter, i høvesvis G-15 og G-17. Gabriel Overvåg sprang på tida 24.12 som er personeleg rekord, medan Jonas André Ose kom inn på 22,45. Førsteplass vart det også for Mats Fredriksen på 800 meter for G-17 på tida 2.09,72.

Gabriel Overvåg stilte i fleire øvingar, mellom anna i kule G-15 der han sette ny personleg rekord på 11,20 meter, noko som resulterte i ein andreplass. Overvåg deltok også i 100 meter der han i tilegg til å vinne løpet sette ny personleg rekord med tida 12,06.

Anna Garnes Kleven snappa ein ny personleg rekord i 300 meter hekk for J-17 på tida 47,97, noko som også gav henne førsteplass i dette løpet. Eitt sekund bak kom Kornelia Roppen som tok andreplassen og som også sette personleg rekord. Kornelia Roppen deltok også i høgde J17 og tok første plass og personleg utandørsrekord med eit hopp over 1,57 meter.

I tilegg til dette var det fleire som sette personelege rekordar under stemnet. Andrea Skar Berg sette personleg rekord både i 200 meter J-14 på tida 27,18 og i utandørs lengde J-14 der ho hoppa 4,89. Synnøve Verås Grimstad sette personleg rekord både på 200 meter J-14 med tida 27,59 og på 100 meter på 13,81. Sondre Johannes Espelid fekk ei personleg bestetid på 23,17 då han sprang 200 m G-16. Han sette også personleg rekord på 100 meter med tida 11,86. Jakoba Solvang sette også personelg rekord på 100 meter med tida 13,98. Ho stilte i klassen J-15.