Vidar - Hødd 0-1:

Hødd måtte slite for poenga

Det såg ut til å gå mot poengdeling for Hødd borte mot Vidar, men to minutt på overtid dukka Robin Shroot opp på ein retur og sikra alle tre poenga for dei blåkvite.   Foto: Arkiv. Per Werkland

Sport

Hødd reiste til Stavanger søndag for å jakte sesongens første bortesiger i serien. Då måtte dei klare noko Hødd ikkje klarte i 2018, nemleg å slå Vidar, for på to kampar sist sesong fekk Hødd berre med seg eitt poeng.