LGFK hentar ulsteinvikar

Isak Skare Haanes er klar for Larsnes/Gursken. Her er lagets nye rekrutt saman med trenar Anders Helsem Hoff.   Foto: LGFK

Sport

Larsnes/Gursken FK har forsterka laget med fleire solide namn denne våren. Mellom anna har både Steffen Moltu og Bendik Torset blitt klare for spel i klubben og denne veka er det klart at laget hentar endå ei forsterking.

I ei pressemelding frå LGFK går det nemleg fram at Isak Skare Haanes er klar for spel i klubben. Haanes studerer for tida i Bergen og han er i hovudsak aktuell for spel resten av vårsesongen, samt delar av haustsesongen.

- LGFK er glade for å ønske Isak Skare Haanes velkomen til klubben. Isak har ei fortid i Hødd og har sidan hausten 2018 spelt for Loddefjord. Isak vert en flott tilvekst i en allereie brei og god stall. I en kommentar seier trenar Anders Helsem hoff at han er glad for at Isak vil spele med oss i sommar. Alle som er involvert i fotballen på Sunnmøre er kjent med talentet til Isak, og vi er veldig glade for at vil ikle seg med LG drakta, skriv LGFK i pressemeldinga.