12. plass i junior-NM

To utøvarar frå IL Hødd Turn deltok under junior-NM i turn på Sotra.

Pernille Eiken Fosse under si frittståandeøving under junior-NM i turn. Foto: Vidar Fosse/Privat 

Pernille Eiken Fosse tok ein 12. plass i firekampen under junior-NM. Foto: Vidar Fosse/Privat 

Sport

Laurdag og søndag vart det arrangert junior-NM i turn for kvinner og menn av Sotra Sportsklubb. Pernille Eiken Fosse frå IL Hødd Turn deltok i konkurranse med 87 gymnastar.

– Pernille er siste års junior og var difor svært spent på korleis ho kunne hevde seg i juniorklassa. Spesielt bom knytte det seg stor spenning til ettersom ho her har ganske høg vanskegrad og hadde eit lite håp om finaleplass om det vart full klaff, fortel Vidar Fosse.

Totalt enda Pernille Eiken Fosse på 41,15 poeng og forbetra seg frå fjoråret med over to poeng.

I hopp fekk ho 12,2 i karakter og karrierebeste i ei FIG-konkurranse.

– Skrankeøvinga var andre apparat for Pernille, og ho gjennomførte ei god trening, men klarte ikkje å følgje opp den gode innturninga i konkurransa. Bom var tredje apparat for Pernille og ho turna svært godt fram til ho skulle gjer ny akrobatisk serie, denne vart diverre ikkje godkjent og då mista ho 0,5 poeng og i tillegg fekk ho eit fall på eit element etterpå. Ho tapte minst 1,5 poeng i dette apparatet. Frittståande var siste apparat og ho turna jamt godt her utan fall og opp mot sitt beste, fortel Vidar Fosse.

I guteklassa var Hødd representert ved Edvard Roppen. Han enda på ein 23. plass totalt, med 10,75 i skranke som beste øving. Totalt fekk Roppen 49,00 i totalkarakter.