Ose sprang for Norge

Jonas André Ose sprang tysdag for eit norsk U20-lag på 4x100 meter stafett under Clean Air Games i Oslo.  

Sport

Tysdag kveld deltok Jonas André Ose frå Dimna IL på eit norsk U20-lag som sprang 4x100 meter stafett mot Danmark og Amerika under Clean Air Games på Lambertseter i Oslo.

Ose sprang saman med Tomasz Siemieniuch frå Sandnes, Ben Jeffrey Benert frå Florø og Jacob Vaula frå Stord. Det vart gjennomført to løp der det norske laget fullførte på 43,37 og 42,29. Det amerikanske laget vann begge løpa med tidene 40,27 og 39,65.

Ose er denne sesongen ein del av det norske rekrutteringslandslaget i sprint og hekk.

I helga gjorde han unna sesongstarten utandørs med ein 200 meter under Framoleikane. Då sprang Ose inn til førsteplass i si klasse med tida 22,45.

Toralv Opsal, også han frå Dimna IL, er tilbake på friidrettsbanen etter skade og deltok også under Clean Air Games. Opsal deltok i kule der hans beste forsøk var 13,03 meter. Det er litt bak hans ferske pers frå Tjalveleikane, der han vann seniorklassen med 13,58.