Tatt ut til talentleir

Hilde Årsborg Bjåstad (til høgre) er tatt ut til Equnior Talentleir i Porsgrunn. Foto: NFF 

Sport

Hareidspelaren Hilde Årsbog Bjåstad er tatt ut til Equinor Talentleir i Porsgrunn, som blir arrangert av Norges Fotballforbund frå 29. juni til 3. juli.

Årsbog Bjåstad er tatt ut i ein av to sidestilte J14-troppar til samlinga, der det også er tatt ut ein J16-skuggelandslagstropp, samt ein landslagstropp og skuggelandslagstropp i J15.

Hilde Årsbog Bjåstad er den einaste frå Sunnmøre Fotballkrets som er tatt ut i J14-troppane, men både Guard og Blindheim er representert i J15-troppen.

Sjå heile uttaket på Fotballforbundet sine nettsider.