Hareid IL Fotball arrangerer fotballcamp mot slutten av sommarferien:

Vil få opp aktiviteten

I sommar blir det Fotballcamp på Hareid. Målet er å få med endå fleire jenter og gutar i Hareidsfotballen.

Satsar på fotballcamp: Hareid IL inviterer til fotballcamp siste veka før skulane startar opp i haust. Her er Einar Orten Trovåg (styreleiar i Hareid IL Fotball) og Anita Waage (dagleg leiar i Hareid IL) saman med deler av framtida i fotballgruppa. Kanskje blir nokre av desse med som instruktørar under fotballcampen? Bak frå venstre: Sebastian Hansen Bjørlykke, Pravin Selva, Anders Pilskog, Casper Holm, Arthur Opals og Anita Waage. Framme: Einar Orten Trovåg, Helene Sjåstad Kleppe og Andrine Øvrelid. Foto: Andreas Bjerknes  Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Sport

Det er mykje positivt på gang i Hareid IL Fotball. Samstundes ser ein at det er utfordrande å få god nok rekruttering i nokre aldersklasser, spesielt på jentesida. Difor køyrer Hareid IL Fotball i august på med Fotballcamp på Hareid siste veka før skulestarten.