Hødd arrangerer medlemsmøte

Frå medlemsmøtet i Hødd 13. februar.  Foto: Hødd Fotball

Sport

13. juni inviterer IL Hødd Fotball til medlemsmøte på Brygga sportsbar.

Ifølgje Hødd sine nettsider vil medlemmane i klubben få orienteringar om statusen for begge A-laga i Hødd, om breiddefotballen, samt orienteringar frå administrasjonen og fotballstyret.

Hødd Fotball legg også opp til ein medlemsdiskusjon der medlemmane skal få seie si meining om kva klubben bør prioritere dei komande månadane.