Hareid skal ut i tøff bortekamp

Sist veke kom endeleg sigeren for Hareid. Denne veka skal laget prøve å ta poeng frå serieleiarane.

Vann sist: Hareid fekk med seg tre poeng etter 1–0 sigeren over Ørsta sist veke. Fredag reiser Hareid til Volda for å møte serieleiarane. Foto: Erik K. Heimdal. 

Sport

Hareid starta sesongen med å plukke poeng på bortebane mot Bergsøy. Det var venta å vere ein av sesongens tøffaste bortekampar, men særleg enklare blir det neppe borte mot Volda komande fredag.

Med unntak av ein uavgjortkamp mot Rollon har nemleg Volda vunne alle sine kampar så langt i 4.-divisjon. Tidlegare denne veka vann dei 4–3 over Hødd 2 på bortebane og det er ingen tvil om at Hareid får ei skikkeleg utfordring denne veka.

Volda har også hatt eit bra tak på Hareid dei siste sesongane, med tre sigrar på dei fire siste forsøka for grøntrøyene.

Samstundes har Hareid vist at dei kan bite godt frå seg også mot god motstand, og 1–0 sigeren over Ørsta sist fredag gav nok meirsmak.

Etter Volda-kampen er det lokaloppgjeret mot Hødd 2 som er neste post på programmet for Hareid. Den kampen går på Hareid stadion 16. juni.


Volda - Hareid på fotball.no