Nominert til månadens utøvar

Karsten Warholm kan bli månadens mannlege friidrettsutøvar i Europa for mai.  

Sport

Torsdag komande veke skal Karsten Warholm prøve seg mot Abderrahman Samba for første gong denne sesongen. Det skjer under Bislett Games i Oslo, der Warholm er på heimebane.

Begge to har starta sesongen godt og Warholm imponerte då han klokka inn til 47,85 under vanskelege forhold i Stockholm 30. mai.


 

Det løpet er så godt at Dimna-utøvaren er ein av dei nominerte til månadens mannlege friidrettsutøvar i Europa. Det er det Europeiske Friidrettsforbundet som står for kåringa.

Warholm konkurrerer mot franske Yohann Diniz (kappgang), svenske Armand Duplantis (høgde), tyske Andreas Hofmann (spyd), svenske Daniel Stahl (diskos).