Ingen Samba-duell for Karsten

Torsdag skulle Karsten Warholm møte Abderrahman Samba til årets første duell på 400 meter hekk, men Samba har blitt skadd og må stå over konkurransen på Bislett.   Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Sport

Det blir ikkje noko av Bislett-duellen mellom Karsten Warholm og Abderrahman Samba under Bislett Games torsdag. Ifølgje NRK har Samba blitt skadd og må melde forfall til stemnet.

Warholm får likevel knalltøff konkurranse på heimebane, mot mellom anna Kyron McMaster og Yasmani Copello.

Les lengre intervju med Karsten Warholm i tysdagsutgåva av Vikebladet Vestposten eller på Vikebladet.no