Ser mot Bislett etter strålande start

Det vart ein svært vellukka start på sesongen for Karsten Warholm. No ventar Bislett Games med eit forrykande startfelt.

Klar for Bislett: Karsten Warholm leverte ein svært god start på sesongen då han sprang inn til 47,85 under vanskelege forhold i Stockholm. Torsdag er Warholm klar for eitt av årets verkelege høgdepunkt i norsk friidrett, Bislett Games i Oslo. Dessverre blir det ikkje noko av duellen mot Abderrahman Samba, då han har blitt skadd før Bislett Games. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix  Foto: Terje Bendiksby

Sport

Karsten Warholm opna utandørssesongen i kjølig og vindfullt vêr i Stockholm 30. mai. I eit felt der ingen andre var i nærleiken av å kome opp mot sitt beste, dundra Warholm inn til 47,85. Hans femte beste tid nokon gong, sjette gong under 48,00 og rett inn på tredjeplass på verdsstatistikken for året.