Hareid stiller ”haustlag”

Hareid 2 kom seint, men godt. Hareid IL har fått løyve til å stille lag i sjuarserien denne hausten.   Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Sport

Denne sesongen vart det berre påmeldt eitt seniorlag på herresida i Hareid-fotballen, etter fleire år med både to og til tider tre lag.

No blir det likevel eit Hareid 2 å sjå utover hausten.

På Hareid IL sine nettsider skriv klubben at dei har fått løyve frå Sunnmøre Fotballkrets til å stille lag i sjuarserien denne hausten. Klarsignalet var gitt så sant Hareid fekk ”ja” frå dei andre laga i avdelinga, og det er no på plass.

Dermed blir det mellom anna lokaloppgjer mot Hjørungavåg, Haddal og Flø 2 i løpet av hausten.

Ifølgje Hareid IL sine nettsider har ein klart å samle om lag 30 spelarar i troppen, men av desse er det ein god del som i periodar ikkje vil vere tilgjengelege.

Det er Emil Johannes Dahlen Folkestad, Benjamin Slettebakk og Einar Orten Trovåg som skal vere trenarar for laget.

Sjå stallen på Hareid IL sine nettsider