Den tidlegare Hødd-spelaren lever proffdraumen i Danmark:

– Eg følgjer draumen og det er både kjekt og spennande å vere i utlandet

I Volda Dei siste feriedagane har Sivert Heltne Nilsen brukt i Volda. Måndag starta sesongoppkøyringa med Horsens, og 12. juli er den nye sesongen i gang.   Foto: Joachim Åsebø/Møre-Nytt.

Sport

(Møre-Nytt): AC Horsens gjekk frå å kjempe om medalje til å unngå nedrykk. Sivert Heltne Nilsen har tilpassa seg ein heilt ny spelestil, men har funne seg til rette i Danmark. Ambisjonane om å ta eit steg til har han på ingen måte lagt frå seg.