Karsten sikra europeisk rekord!

Karsten Warholm smadra den norske rekorden og slo også den europeiske rekorden på 400 meter hekk med krutsterke 47,33 på Bislett. Foto: Ryan Kelly / NTB scanpix  Foto: Ryan Kelly

Sport

Duellen mellom Karsten Warholm og Abderrahman Samba blei det ingenting av under årets Bislett Games. Heller ikkje Europas nest-beste, Yasmani Copello, nådde fram til startstreken denne gongen, men i Kyron McMaster hadde Warholm likevel ein motstandar som ville sørge for at det måtte noko spesielt til for å vinne på Bislett. McMaster har nemleg ein så sterk ”pers” som 47,54 – eit tidel raskare enn Warholm.

Warholm imponerte stort då han slo til med 47,85 i sesongopninga under vanskeleg forhold i Stockholm. Tida sørga også for at allereie høge forventningar før Bislett Games truleg vart skrudd endå eit hakk opp.

På det nye toppdekket på Bislett stadion sette Warholmsom vanleg ekstrem fart frå start. Det tok ikkje lange tida før han var oppe på sida av Takatoshi Abe i ytterste bane. Med bruset frå Bislett i ryggen storma Warholm over hekkane, men McMaster var godt med. Warholm var framom inn på oppløpet og gassa på mot mål.

Og for eit løp det vart! 47,33 klokka Warholm inn til! Det er Europeisk rekord og ei forbetring av sin eigen "pers" med over tre tidelar. Eit heilt fantastisk løp og gjennomføring av Warholm som knapt trudde det han såg! Stéphane Diagana sin rekord hadde stått sidan 1995, men frå 13. juni høyrer rekorden til Karsten Warhom, Ulstein kommune, Dimna IL og Norge.

Tida er også berre seks hundredelar bak årsbeste i verda, som det er Abderrahman Samba som har satt. At Warholm gjer dette i berre sitt andre løp denne sesongen bør også bety at det er gode moglegheiter for å nå den magiske grensa på 47.00.

- Det var heilt fantastisk, slo Kristine Haddal, mor til Karsten fast til NRK etter løpet.

- Dette er ein av gongane der ein sit att med kjensla av at er det sant? At eg skulle sette europarekord? Det er så spinnvilt, seier Warholm til NRK.

Han var ekstremt glad for å klare den europeiske rekorden på heimebane på Bislett.

- Det er heilt sjukt, det er ikkje meir å seie, seier Warholm.

Han er no den 13. raskaste mannen gjennom alle tider på 400 meter hekk.

Trenar Leif Olav Alnes synest eleven leverte eit fantastisk løp på Bislett.

- Det var veldig bra heile vegen, slår Alnes fast til NRK.