Tilbake i Hareid-drakt

Ola Kalvø Vattøy er klar for ein ny periode i Hareid.   Foto: Rikard Osnes/Hareid IL

Sport

Ola Kalvø Vattøy er tilbake i Hareid og klar for å bidra for klubben i si femte periode. Ifølgje Hareid IL sine nettsider er det ikkje sikkert det blir noko langt opphald i heimlege trakter for Kalvø Vattøy, men han kan i det minste bidra for Hareid denne sommaren.

I løpet av sine fire tidlegare periodar i klubben har det blitt 98 kampar og 41 mål i Hareid-drakt for Ola Kalvø Vattøy.

I fjor arbeidde han ein periode som assisterande dagleg leiar i Hareid IL, gjennom ei utplassering frå Høgskulen i Molde. I tillegg var han kaptein for Hareid på vårsesongen, før studier førte Kalvø Vattøy til hovudstaden.

Hareid sin neste kamp går måndag heime mot Hødd 2.