Ytre Søre Sunnmøre Symjeklubb (YSSS) arrangerte symjestemne. Sjå bilete:

Rekordstort symjestemne

Sport

Over 40 utøvarar frå kommunane Volda, Herøy, Hareid og Ulstein deltok på symjestemne på Ulstein Arena laurdag. Det var dermed rekordstor oppslutning kring stemnet, arrangert av Ytre Søre Sunnmøre Symjeklubb (YSSS).

Symjarane svømte 25, 50 og 100 meter bryst, fri og rygg, i tillegg til to stafettar. I alt blei det symja 40 heat.

"Tusen takk for flott arrangement, svømming er eit flott tilbod og ein flott idrett som inkluderer mange ulike typar born", var ein av kommentarene etter stemnet, skriv styret i symjeklubben til Vikebladet Vestposten.

YSSS har sidan oppstarten i 2017 hatt ein jamn auke i aktiviteten og i talet på aktive. Klubben har nokre medlemmar som allereie har nådd høgt nivå og som konkurrerer på fylkesnivå - men også mange utøvarar som berre er med for å trene og å ha det kjekt.