God start for Dimna IL under Tyrvinglekene:

Tangerte kretsrekorden i stav

Kornelia Roppen sette personleg rekord i høgdekonkurransen under Tyrvingleikane fredag. Ho vann konkurransen i 17-årsklassa med eit hopp på 163 centimeter - ny personleg rekord.  Foto: Arve Hatløy, Dimna IL.

Sara Saunes Moldskred blei nummer to i stavsprang i klasse 15 år, med eit sprang på 2.70 meter.  Foto: Arve Hatløy, Dimna IL.

Sport

Sarah Saunes Moldskred tangerte kretsrekorden i stavsprang under Tyrvinglekene på Nadderud Stadion fredag. Ho svinga seg over 2.70 meter, noko som var ein svært god prestasjon. Det heldt til ein andreplass i hennar årsklasse. Stavspranget er også ei tangering av kretsrekorden for senior!

Kornelia Roppen slo til med eit høgdehopp på 163 centimeter, ny personleg rekord med 3 centimeter og tangering av klubbvenninne Johannes Rise Kvalen sin klubbrekord. Roppen hadde også nokre hårfine riv på 165 centimeter, som er kravet for senior-NM. Det skriv Dimna IL på sine Facebook-sider.

Ose vann 200 meter

Jonas André Ose var best i 17-årsklassa på 200 meter, og vann løpet på ei god tid, 22,41.

Alice Ulla Berg, forbetra sin personlege rekord på 200 meter i seniorklassen, med eit løp på 24,96 sekund. Det er første gong ho ser ei tid under 25 sekund.