Dimna IL:

Fleire gode resultat under andre og tredje dag av Tyrvinglekene

Sport

Dag to av Tyrvinglekene var Nadderud bada i strålande sol - og det var særs flotte forhold for mykje god friidrett. Først ut for Dimna IL var Andrea Skaar Berg som blei nummer fem i finalen på 60 meter. Blant nesten 60 jenter. 14 år gamle Andreas sprang på ei tid under sin personlege rekord, og kom i mål på tida 8.17 sek.

16-åringen Henrikke Antonsen tok tredjeplassen i spydkonkurransen med eit kast på 30.37 meter. Det kastet var berre nokre få centimeter frå hennar personlege rekord, opplyser klubbtrenar Arve Hatløy.

14-åringen Johannes Sæter Gurskevik var blant Dimna IL-utøvarane som er med på Tyrvinglekene for fyrste gong. Han kasta seg til ein tredjeplass i sleggekonkurransen, med resultatet 20,61 meter. Noko som også er ny personleg rekord for han.

Det var også mange andre gode prestasjonar av Dimna IL-utøvarar laurdag, og dei kan ein lese om på Dimna IL si Facebook-side.

Sterk avslutning på leikane

Andrea Skaar Berg byrja søndagen med å ta eit solid gull på 60 meter hekk. Det gjorde ho på tida 9.60 sekund, noko som er ny personleg rekord for ho.

Marie Teige Grov klarte junior-NM kravet på 3000 meter kappgang. Ho kom i mål på tida 17.31,31 - som er heile halvminuttet under kravet. Knalløpet gav ho også ein andreplass i seniorklassen.

Anette Lydersen knuste den magiske 50-metersgrensa i slegge søndag.

Arve Hatløy fortel at ho kasta slegga heile 51.70 meter. Det er personleg rekord med tre meter. Jonas André Ose innfridde, og tok gull på 100 meter under Tyrvinglekene søndag. Han passerte målstreken på 10.91 sekund - som er tangering av personleg rekord - men i litt for god medvind (- +2,8).

16 år gamle Elin Skavnes Våge tok til slutt gull i kule med resultatet 11.21 meter.

Alt i alt solide resultat for Dimna IL-troppen.


Her kan du sjå resultata for fredagen:


God start for Dimna IL under Tyrvinglekene:

Tangerte kretsrekorden i stav