Klart for naboduell på Hareid

Måndag kveld er det klart for lokaloppgjer mellom Hareid og Hødd 2 på Hareid stadion. Sist laga møttest på Hareid var i 2017, då om lag 300 tilskodarar sørga for ei flott ramme rundt det som vart ein spanande kamp.  

Sport

Måndag kveld tek Hareid imot naboane frå andre sida av kommunegrensa til duell på Hareid stadion. Då kjem Hødd sine rekruttar den korte turen over Eidet.

Det er to år sidan sist laga møttest i serien. Då sikra Hødd 2 ein knipen siger på Hareid, sjølv om dei blåkvite den gongen stilte med heile åtte mann frå A-troppen frå start.


4.-divisjon:

Hødd 2 vann lokaloppgjeret

Men Hareid vart inga lita tue for serieleiarane.

 

Likevel var det Hareid som fekk den beste starten og som tok leiinga ved Ruben-Kenneth Brandal. Framom om lag 300 tilskodarar, inkludert ein solid gjeng frå Blåsarane, utlikna Hødd 2 før pause, før Eirik Franke Saunes avgjorde oppgjeret i den andre omgangen. Då laga møttest på Høddvoll seinare i sesongen var det større skilnad på laga og Hødd 2 vann til slutt 7–0.

Laga har også møttest i vinter. Då heldt Hareid brukbart følgje inn til pause, sjølv om Hødd 2 fekk med seg to scoringar, men i den andre omgangen var Hødd-rekruttane klart best og vann til slutt 8–0.

Mange har venta at Hødd 2 skulle kjempe i toppen av sunnmørsavdelinga i 4.-divisjon etter fjorårets nedrykk, men så langt har rekruttane variert stort. Til no har laget sikra seg klare sigrar mot Rollon, SIF/Hessa og Ørsta, men også gått på tap mot både Volda, Emblem og Valder. Sist redda rekruttane uavgjort borte mot botnlaget Blindheim, men det måtte eit sjølvmål til for å sikre 2–2.

Hødd 2 har likevel sikra seg fire poeng meir enn Hareid så langt denne sesongen. For trass at Hareid tidvis har imponert spelemessig, og fått med seg sterke poeng mot både Bergsøy, Valder og Rollon, så står laget framleis berre med den eine sigeren. 1–0 over Ørsta i sist heimekamp er høgdepunktet så langt, men sjansen til å skaffe ein siger over lokalrivalane frå Hødd 2 bør vere ei attraktiv gulrot for Hareid-spelarane.

Kveldens kamp er Hareid sin siste på heimebane før sommarpausen, då laget no skal ut i tre bortekampar på rad, mot Blindheim, Norborg/Brattvåg 2 og Larsnes/Gursken.

Sjå laga sine kamptroppar på fotball.no

Hareid sine fem siste:

Emblem - Hareid 1-0

Hareid - Rollon 0-0

SIF/Hessa - Hareid 4-3

Hareid - Ørsta 1-0

Volda - Hareid 4-0

Hødd 2 sine fem siste:

Hødd II - SIF/Hessa 4-2

Hødd II - Emblem 1-4

Ørsta - Hødd II 4-7

Hødd II - Volda 3-4

Blindheim - Hødd II 2-2