Veidekkelekene 2019

Flotte resultat for Dimna IL

Gabriel Overvåg tok gull på Veidekkelekene (foto lånt frå Facebook-sida til Dimna IL)  Foto: Dimna IL

Sport

Gabriel Overvåg tok gull, personleg rekord og junio NM-kravet på 100 meter under Veidekkelekene på Lillehammer i dag. Den nye rekorden er på 11,68 sekund.

Han tok også personleg rekord på kule denne helga, med 11,63 meter. For det resultatet kom han på 2. plass.

Kornelia Roppen kom også på andreplass då ho hoppa høgde. Ho hoppa 1,60 meter.

Oline Rise Kvalen kasta 29,11 meter med spyd.

Marius Andersen sette personleg rekord på 600 meter med tida 2,02,55.

Ramona Anderson sprang også 600 meter. Det gjorde ho på tida 2,17,28.

Fredag tok Sondre Espelid 2. plass på 200 meter, med tida 23,44.