Normark nøgd med utviklinga i Hødd

Ivar Morten Normark og Andre Skotheim på tribunen på Høddvoll under Hødd-Sola. Normark er styreleiar i IL Hødd Fotball, Skotheim er styremedlem.  Foto: Linda Eikrem

Sport

Styreleiaren i Hødd IL, Ivar Morten Normark, var til stades på Høddvoll då heimelaget slo Sola 3-1 søndag ettermiddag. Sjølv vil han ikkje uttale seg om prestasjonen og det som vart levert på fotballbanen, men han var nøgd med resultatet.