Hødd-gutar på talentsamling

(f.v.): Jan Erik Stinessen fra NFF, Syver Skundberg Skeide og Ørn Flø fra Hødd og Rune Almenning Jarstein.   Foto: Ole Jørgen Brattland, Equinor.

Sport

To fotballspelarar frå Hødd er denne veka på talentleir i Porsgrunn.

Dei to er Ørn Flø og Syver Skundberg Skeide.

Leiren har med over 120 av landets mest talentfulle gutespelarar mellom fjorten og seksten år.

Opplegget er eit samarbeid mellom fotballforbundet og Equinor, og ein del av talentutviklingsprogrammet Morgendagens Helter.

Landslagskeeper Rune Almenning Jarstein er mellom trenarane på leiren. Han er også mentor i Morgendagens Helter-programmet.

Leiren er øvste nivå i landlagsskulen til fotballforbundet, og målet er å drive systematisk talentutvikling for å danne Norges framtidige landslag, heiter det i ei pressemelding frå arrangørane.