Tapte for Norborg/Brattvåg 2

Sport

Tysdag kveld spelte Hareid kamp borte mot Norborg/Brattvåg 2. Heimelaget stilte med fleire spelarar som ein vanlegvis ser i 2. divisjon, og det vart ein tøff kveld for Hareid i Uggedalen.

Heimelaget scora to mål både før og etter pause, medan Hareid ikkje klarte å putte ballen i mål. Det resulterte i 4-0 til Norborg/Brattvåg 2, og sesongens femte tap for "raudtrøyene".

Du kan lese meir om kampen på nettsida til Hareid IL (ekstern lenke).