Hødd møter Kristiansund BK i junior-NM:

- Vi er klare til dyst

Kaptein Bastian Rasmussen gler seg til cupkamp torsdag ettermiddag.  Foto: Erik K. Heimdal

Sport

Torsdag 27. juni kl. 18.00 er det duka for cupkamp på Høddvoll. Juniorlaget tek nemleg imot Kristiansund BK sitt juniorlag i 16-delsfinalen i NM for G19. Kapteinen på Hødd-laget, Bastian Rasmussen, trur det blir ein spennande kamp.