Hasundgot sitt første heimetap

Dommar Richard Olsen deler ut gult kort til ein Stranda-spelar.  Foto: Hasundgot IL

Sport

Før kampen mot Stranda torsdag kveld, hadde ikkje Hasundgot gått av bana utan poeng på heimebane i teljande kampar, men det skulle endre seg etter vårsesongens nest-siste kamp.

I følgje Hasundgot sitt referat, som du kan lese her (ekstern lenke), starta heimelaget bra, men Stranda tok leiinga etter 14 minutt. Hasundgot meinte at scoringa skulle vore annullert for offside, men assistentdommaren heldt flagget i ro.

Det verka som om Hasundgot hadde fleire moglegheiter til å gå opp i leiinga, men ballen ville ikkje i mål. Den største moglegheita kom etter ein times spel. Nicolai Molvær, som har vore ein av Hasundgots beste spelarar denne sesongen, gjekk fram for å ta straffe, men Stranda-keeperen gjekk rett veg og redda.

Dermed er sesongens første tap på heimebane eit faktum. Hasundgot kan likevel vere svært godt nøgde med vårsesongen. Deil ligg på ein foreløpig 7. plass, men har berre tre poeng opp til Aksla på 3. plass, som har spelt ein kamp meir enn Hasundgot.

Neste kamp for 5. divisjonslaget er borte mot Ellingsøy førstkomande torsdag 4. juli.