Världsungdomspelen i Gøteborg

Dimna IL på plass med 15 utøvarar

Spydkastaren Iver Saunes Moldskred hadde sin første konkurranse i sesongen og tok ein femteplass med 56,96 meter som sitt lengste kast.  Foto: Arve Hatløy

Sport

Dimna IL er på plass med 15 utøvarar i Gøteborg for å delta i Världsungdomspelen, Europas største friidrettstemne.

Nokre var i aksjon fredag kveld. Mellom andre spydkastaren Iver Saunes Moldskred som hadde sin første konkurranse for sesongen.

- Han har slite med ein strekk i albogen i sesongstarten. I Gøteborg fekk han stadfesta at skaden er lækt og han kan kaste for fullt. Han gjorde ein god konkurranse og enda på 5. plass med eit lengstekast på 56.96 m. Det er berre 3 meter bak hans personlege rekord, melder Arve Hatløy frå Gøteborg

I lengdegropa var det stor aktivitet fredag kveld. Hatløy fortel at her er det så stor deltaking at det vert arrangert kvalifiseringskonkurranse der dei beste går til finalen som vert arrangert laurdag.

- I 17 års-klassa hadde vi tre jenter med. Kornelia Roppen og Anna Garnes Kleven tok seg begge til finalen med hopp på 5,16 m og 5,09 m. Men den som var aller mest fornøgd var nok Lill-Joelle Miltz som for første gang hoppa over 5 meter. Ho hoppa 5,02 meter og var berre 3 cm frå ein finaleplass. Men viktigast av alt var nok at ho kvalifiserte seg for deltaking i UM seinare på sesongen, fortel Arve Hatløy.

F.v. Kornelia Roppen, Anna Garnes Kleven og Lill-Joelle Miltz hadde flotte prestasjonar i lengde. Kornelia og Anna tok seg til finalen, medan Lill-Joelle sette ny personleg rekord med eit hopp på 5,02 meter og mangla berre 3 cm på ein finaleplass.  Foto: Arve Hatløy

 

Caroline Amalie Sætre og Johanne Rise Kvalen hoppa også lengde men hadde ikkje heilt dagen og tok seg ikkje til finalen.

Mats Fredriksen fullførte 2000 m hinder på tida 7.04,95 som er litt bak den personlege rekorden hans.

- Laurdag har vi mange i aksjon. Først ute er finalejentene i lengde som startar finalen alt kl 09.00, opplyser Hatløy.