Sterk sølvmedalje til Edel Charlotte

Julia Søderstrøm frå Oslo tok gullet i bom-øvinga med 12.200 poeng, medan Edel Charlotte fekk sølv med 11.650 poeng. Tredjeplassen gjekk til Julianne Tøssebro frå Laksevåg med 11.500 poeng. 

At Edel Charlotte Eiken Fosse ikkje er heilt restituert etter ein skade i albogen tidlegare i år, hindra henne ikkje i å ta sølv i bom under Turn-NM i Stavanger laurdag.  Foto: Vidar Fosse

Sport

Edel Charlotte Eiken Fosse gjorde eit sterkt comeback under NM i turn i Stavanger laurdag då syttenåringen tok sølv i bom.

- Dette er første konkurransen Edel deltek på i år, etter ein skade i albogen. Vi reiste difor til Stavanger med senka skuldre, så dette var verkeleg overraskande, seier Vidar Fosse, far og trenar til sølvvinnaren.

Edel Charlotte var første turnar ut i finalen i denne øvinga, etter å ha kvalifisert seg som nest siste deltakar fredag.

- Det var nok ein stor fordel at Edel fekk starte først. Ho sette standarden og det var først då sistemann, Julia Søderstrom frå Oslo Turnforening, gjennomførte si øving at vi forstod at det ikkje vart gull. Julia hadde også ei høgare vanskegrad på si øving og gjorde i tillegg færre feil. Men vi er likevel kjempefornøgde med resultatet, seier Fosse som elles melder om eit flott gjennomført stemne i Stavanger.

I tillegg til skaden i albogen var det også litt ekstra nervepirrande at konkurransen vart sendt direkte på NRK TV.

- Edel er sterk mentalt og let seg ikkje påverke av at det var fjernsynskamera på alle kantar, seier Fosse som elles rosar NRK for å også satse på turn-konkurransar i sportssendingane sine, noko han trur vil vere med å løfte fram denne sporten ytterlegare.

Julia Søderstrøm tok gullet i bom-øvinga med 12.200 poeng, medan Edel Charlotte altså fekk sølv med 11.650 poeng. Tredjeplassen gjekk til Julianne Tøssebro frå Laksevåg med 11.500 poeng.

Dette erfemte gongen Edel Charlotte Eiken Fosse deltek på NM. ei tre første var som junior, medan ho har deltatt i senior-NM dei to siste åra. Til hausten reiser ho til Oslo for å ta til ved Wang Toppidrettsgymnas og melder dermed overgang til Oslo Turnforening.

- Når det gjeld vidare konkurransar vidare utover denne sesonger er det litt usikkert. Edel er ikkje heilt restituert enno, det vert ho nok ikkje før i november. Men no vert det i alle fall først litt ferie før vi tek til med treningane att, seier Vidar Fosse.