Världsungdomspelen i Gøteborg

Dagens "höjdare": Bronse til Kornelia

Det vart   Foto: Arve Hatløy

Sport

Kornelia Roppen tok ein sterk bronsemedalje i høgde i dag, vert det meldt frå Världsungdomspelen i Gøteborg. Ho stilte i klassen jenter 17 år.

Kornelia leverte eit hopp på 1.60 m, noko som resulterte i delt tredjeplass saman med svenske Hanna Hedin frå Hälle IF. 1.60 er like høgt som det sølvvinnar Emilia Lönnqvist frå IF Kvile hoppa, men ettersom Lönnqvist hadde færre forsøk tok ho andreplassen. Hoppkonkurransen var vunnen av Tiffanie Magnusson frå Uppsala IF som smaug seg over 167.

Det vart nesten pallplassering for Elin Skavnes Våge også, i kule. Ho støytte kula 12 meter, noko som er rett bak den personlege rekorden hennar. Det heldt til ein fjerdeplass.

Det vert elles meldt om sol og temperaturar opp i mot 30 grader i Gøteborg, noko som må seiast å vere litt uvande forhold for våre lokale atletar.