Warholm einig om samarbeid med Tine

  Foto: Petter Elstein Knutsen, NTB Info.

Sport

Fredag ettermiddag kom nyheita om at Karsten Warholm har inngått ein 2-årig samarbeidsavtale med Tine.

- Eg gler meg til å bli med laget, seier europa- og verdsmeisteren på 400 meter hekk.

Han seier sjølv at han er imponert over måten Tine støttar opp om idrettslag og aktivitetar over heile landet.

- Store idrettsprestasjonar vert skapt gjennom breidde - og gjennom at idretts-Norge skaper trygge og inkluderande idrettsarenaer for alle, som Tine-stafetten, der eg sjølv har delteke, seier Warholm.

Sponsoransvarleg i Tine, Ann-Kristin Syversen, trekker fram at Karsten er eit flott forbilde både for store og små - og at han fremjar gode verdiar.

For å markere samarbeidet med Tine, møtte Warholm opp på Sagene IF i Oslo sin Tine fotballskule. Der fekk 90 deltakarar møte friidrettsstjerna.

Dersom du vil lese pressemeldinga frå NTB, så kan du gjere det her (ekstern lenke).