Hødd 2 slo tilbake med siger

  Foto: Børge Skeide

  Foto: Børge Skeide

Sport

Etter å ha leia 2-0 fram til det 80. minutt mot Larsnes/Gursken, klarte Hødd 2 å rote det til og tape 3-2. I tillegg var store delar av spelargruppa med på det forsmedelege tapet mot Kristiansund BK i junior-NM.

Dette gjorde nok at laget var gira på å slå tilbake mot Norborg/Brattvåg 2 måndag kveld, noko dei også gjorde. Hødd 2 stilte med eit sterkt lag der fleire a-lagsspelarar var på bana, men det gjorde heimelaget også, så alt i alt var dette ein svært sterk siger for det unge Hødd-laget.

Resultatet vart 1-0 til dei "blåkvite" på Uggedal Kunstgras etter at Håkon Botn Brautaset sette eit straffespark i mål. Kamprapporten kan du sjå her (ekstern lenke).

Neste kamp for Hødd 2, som er vårsesongens siste, er heime mot Bergsøy komande fredag (5. juli).